GARTNARTENESTER

PLANTER

Det er kjekt å sjå planter vekse. Blomar og planter fylgjer årstidene. Dei har ulikt uttrykk og ikkje minst har dei trong for ulikt stell gjennom året. Plantekjennskap og plantekunnskap er kompetanse som kjem godt med.

Som anleggsgartnar kan eg bidra med utforming og opparbeiding av nye bed og planteareal. Eg kan lage plantelister og planteplanar som gir deg flotte bed gjennom heile året, bed med lang bløming, rett bløming eller bed med andre funksjonar.

PLEN

Plenen er ofte hagen sitt største element. Difor bør den prioriterast. Ved rett gjødsling, klypping og luking kan den haldast fin.

Ein tenkjer ikkje alltid over det, men plenen er ofte det elementet som treng mest oppfølging. Mange får problem med både ugras og mose. Her finst det ulike tiltak. Det finst ingen «quick-fix»-løysingar her, men nokre råd har eg på lur.

Ny plen, plenfornying, dressing/lufting, såing, ferdigplen eller rett og slett ein fast avtale om plenslått – ta kontakt med meg, så kan me lage ein plan for ditt plenareal.